Eid blir rekna som ein jordbrukskommune, sjølv om det finst ein del industri her og stadig fleire og fleire blir tilsette i industrien. Hans og Knut Bjørlo var to av dei fyrste som starta industri i Eid Kommune.
Brødrene Hans og Knut Bjørlo starta ein trevarefabrikk i 1918 som dei då kalte for Brødrene Bjørlo Trevarefabrikk. Dei starta som ski- og kjelkefabrikk, men marknaden for slike varer var ikkje så stor, så dei måtte etter kvart gå over til å ta meir tilfeldig arbeid. Dette innebar at dei laga ein del ting som t.d. møblar, kjøkkenutstyr, dører og vindu etter bestilling.
Dei to brødrene hadde starta fabrikken åleine i dei såkalla «gode åra». Dei hadde såleis hatt ein del brukbare år framover med stigande produksjon og omsetning, men i slutten av 1920-åra kom depresjonane. Det blei då vanskeleg å drive, fordi det var lite pengar mellom folk, og det vart derfor liten etterspurnad etter varer og tenester. Heile industrien hadde store vansker i desse åra, og det var heller ikkje få fabrikkar som måtte nedleggast. Dei to brødrene måtte ta på seg mangt slags arbeid for å få endane til å møtast. Dei måtte ofte arbeide både tolv og fjorten timar, medan andre gonger ikkje var noko å gjere. Det fanst små snekkerverkstader spreidd over heile distriktet, så det var stor konkurranse i trevarebransjen. Det som gjorde at dei likevel fekk nok bestillingar til å halde det gåande, var det ryet dei hadde fått for sitt gode arbeide.
Men utover 1930-åra vart tilhøva i industrien betre igjen. Folk fekk meir pengar mellom hendene og dermed auka etterspurnaden. Dette i tillegg til at marknaden deira vart utvide til å omfatte kysten ôg, gjorde at dei kunne spesialisere produksjonen sin meir. Produksjonen gjekk meir og meir over til å gjelde hovudsakleg dører og vindu.Leveransen av dører og vindu gjekk for det meste til den lokale marknaden, men dei hadde òg viktig marknad i Måløy og Bremanger.
I denne tida begynte òg utbygginga i Svelgen, der dei hadde svært mykje å gjere. I 1932 fekk dei likevel den største jobben dei hadde hatt med levering av dører og vindu og ein del innreiing til Nordfjord Sykehus. Dei hadde til då drive åleine, men dei måtte då tilsetje to mann for å greie denne leveransen.
Fabrikklokalet var ei toetasjes trebygning som dei sjølve hadde bygd. I byrjinga hadde dei berre fabrikk i 1. etasje som hadde ei grunnflate på 12 x 7 meter. Men etter kvart som talet på tilsette og produksjonen auka, måtte dei òg ta i bruk 2. etasje, som dei tidligare hadde brukt som privatbolig. Det var ikkje foreteke nokre fornyingar av maskinene frå dei vart kjøpte i 1918 og fram til 1940-åra, men dei hadde likevel godt maskinelt utstyr etter den tids målestokk. Med det gode arbeidet dei gjorde, hadde dei alltid arbeid, men fekk ikkje alltid så godt betalt for det arbeidet dei utførte. Ei dør kunne dei få 12 kroner for
Ein del av råstoffet vart levert av folk i distriktet her. Dei fekk òg mykje av materialen frå Hornindal. Vegen langs Skredestranda var ikkje bra på den tida, derfor måtte mykje av transporten gå med båt på Hornindalsvatnet. Materialen vart så henta på Nord og køyrd til Nordfjordeid.
I 1940 kom krigen, og tyskerane invaderte Noreg. Mange snekkarverkstadar fann då ein god marknad i i tyskerane, men brødrene Bjørlo nekta å arbeide for tyskerane. Dei fekk då store problem med å få tak i material. Dei som lagde møblar til tyskerane, hadde større forteneste enn dei som produserte varer til privatfolk, for tyskerane betalte godt. Desse hadde då meir å betale materialen med, og dei som betalte mest fekk materialen. Det blei då store problem med å skaffe materiale til dører og vindu, men dei klarte å fortsette produksjonen på den måten at folk sjølve måtte skaffe material til bestillingane sine.
I 1945 stilte dei med et handikap overfor dei andre trevarefabrikkane, p.g.a at dei ikkje hadde noko materiallager lenger. Materiallageret hadde dei «spist opp» i løpet av krigen, og dei hadde ikkje kontantar til å kjøpe nytt råstoff.
I 1945 stilte dei med et handikap overfor dei andre trevarefabrikkane, p.g.a at dei ikkje hadde noko materiallager lenger. Materiallageret hadde dei «spist opp» i løpet av krigen, og dei hadde ikkje kontantar til å kjøpe nytt råstoff.
Rett før krigen fekk dei delvis hjelp av ein av sønene til Knut Bjørlo, Hans. Seinare kom ein annan son av Knut, Olav, som hjelpte dei i produksjonen. I 1946 gjekk Olav inn som fast medarbeidar. Han kom til å ta meir og meir av styringa, og i 1948 hadde han det meste av styringa av fabrikken. I 1950 løyste han ut Hans og Knut Bjørlo og blei då eigar av fabrikken.
Modernisering av produksjonsutstyret
Før krigen var maskinane svært enkle og lite rasjonelle etter vår tids målestokk. Dei gjorde berre ein arbeidsoperasjon, men tida som ble brukt på eit produkt vart ikkje talt så nøye. Den gongen gjekk ikkje produksjonen på minutt, men på dagsverk.
I 1919 vart arbeidstida nedkorta til 48 t. i veka, og i åra etter krigen er den blitt jamnt nedkorta. Dette har sett større krav til maskinelt utstyr og til effektivitet. Verksemnda kjøpte inn nokre nye maskiner i 1948, men dei gamle var framleis i bruk. I 1950 begynte ein så å skifte ut dei gamle maskinane til meir moderne maskinar, og rundt 1960 kom den største omlegginga til meir automatiserte maskinar som kunne gjere fleire arbeidsoperasjonar. Ein tok då i bruk høvelmaskinar som høvla på alle fire sidene i trestykka samstundes.
Eit par år seinare kjøpte verksemda inn automatiserte tappemaskinar som tappa i begge endane. Det var berre ein mann som stod og mata maskinen, og stykka vart ført automatisk videre av maskina. Sidan har maskinane blitt meir og meir automatiserte.
Utviklinga av maskinane skjer veldig fort, så ein må skifte ut maskinane mykje oftare no enn tidlegare for å være konkurransedyktige. Desse maskinane er dyre og må avskrivast på kort tid p.g.a. at dei blir for umoderne.
Denne rasjonaliseringa og automatiseringa av maskinparken, krev sjølvsagt ei større produksjonsmengde for at bedrifta skal løne seg. I åra etter krigen blei det laga nokre få hundre vindu og dører pr. år. No i 1977 ligg produksjonen pr. år på ca. 25.000 vindu og 2-3.000 utvendige dører. Produksjonen er lagt opp på ein heilt annan måte no enn han var tidlegare. I frå fyrste tida og utover blei det gjerne til at ein mann stod og gjorde ferdig eit produkt aleine, som t.d. eit vindu. I dag blir det fyrst laga kappelister som ein eller to mann gjer ferdig. Emna blir så lagt på paller og går videre gjennom maskinane. Kvar enkelt mann har sin faste plass i produksjonsapparatet, ingen gjer noko heilt ferdig. Det same gjeld og kontoret. Her har ein kvar sitt arbeidsfelt. Nokre styrer med ordremasse, nokre med fakturering og nokre reknar på anbud i produksjonen.
Utviding av marknaden
Når produksjonen aukar, må ein sjølvsagt utvide marknaden for å få omset varene. Som tidlegare nemnt var Fjordane den store marknaden den fyrste tida. Men etter at marknaden vart utvida frå Kristiansund i nord til Bergen i syd, vart Bergen den største og viktigaste marknaden. Oslomarknaden blei tilgjengeleg når Strynefjellsvegen òg blei vinterveg. Det hadde tidlegare vore eit problem med transport austover om vinteren fordi det blei ein del fordyra ved at ein måtte køyre om Åndalsnes. Men no kan ein få billegare transport heile året ved å bruke heilårsvegen over Strynefjellet.
Modernisering av fabrikken for å få eit betre produksjonsmønster.
Fabrikklokala som verksemnda hadde hatt frå starten av, blei etter kvart for liten, og den nye eigaren av fabrikken, Olav, bygde i 1950 ei murbygning attåt den to-etasjes trebygninga.
Men som produksjonen og tilsette auka, blei også dette for lite, og i 1958 ynskte han å byggje endå eit påbygg. Men han fekk ikkje godkjenning av bygningsrådet til å byggje noko meir på den tomta. Det er på det området Heimen no har bygd det siste byggetrinnet sitt.
Han fekk så kjøpe ei tomt på 2,3 mål av kommunen, som ligg mot sjøen mellom Nor meieri og Vestlandske Salslag. Der satte han opp ei ny fabrikkbygning på ca 800 kvm. Han hadde då 10 mann i arbeid. Det blei så bygd videre ut i 60-åra eit tilbygg som både var lager og fabrikkbygning. I løpet av denne perioden vart det tilsett 8 mann i tillegg.
Ein del av råstoffet vart levert av folk i distriktet her. Dei fekk òg mykje av materialen frå Hornindal. Vegen langs Skredestranda var ikkje bra på den tida, derfor måtte mykje av transporten gå med båt på Hornindalsvatnet. Materialen vart så henta på Nord og køyrd til Nordfjordeid.
I 1940 kom krigen, og tyskerane invaderte Noreg. Mange snekkarverkstadar fann då ein god marknad i i tyskerane, men brødrene Bjørlo nekta å arbeide for tyskerane. Dei fekk då store problem med å få tak i material. Dei som lagde møblar til tyskerane, hadde større forteneste enn dei som produserte varer til privatfolk, for tyskerane betalte godt. Desse hadde då meir å betale materialen med, og dei som betalte mest fekk materialen. Det blei då store problem med å skaffe materiale til dører og vindu, men dei klarte å fortsette produksjonen på den måten at folk sjølve måtte skaffe material til bestillingane sine.
Men denne tomta vart og for lita etter ei stund. Vestlandske Salslag var nabo og hadde bruk for meir plass, så etter lange forhandlingar vart resultatet at Vestlandske kjøpte bygget, og Eid kommune makebytte tomta og gav den til Vestlandske. Den tomta Olav fekk tilbake etter makebytet var om lag eitt mål stor og låg på garden til Ivar Melheim i Øyane. Olav fekk i tillegg kjøpe 7 mål frå Ivar. Etter dette kunne Olav starte planlegging av ny fabrikkbygning, og i 1969/70 flytta verksemnda så inn i Øyane. Det var ei fabrikkbygning på godt og vel 1000 kvm. og ei lagerbygning på knappe 1000 kvm.
Økonomisk utvikling
Dei påfølgande åra hadde fabrikken ei ganske jamn økonomisk utvikling.Når ein ser på reikneskapen, så viser det at ein i 1951 hadde ei årsomsetning på litt over 60.000 kr. Men alt i 1953 passerte ein ei årsomsetning på 100.000 kr, og i 1964 passerte ein så 1 mill. kr. i årsomsetning. I 1977 hadde ein ei årsomsetning på ca 8,5 mill. kr utan moms. Når ein samenliknar antall arbeidarar og årsomsetning oppover åra, ser ein at produksjonen pr. mann har auka jamnt. I 1953 var omsetninga ca 25.000,- pr. mann, mens den i 1964 hadde auka til 90.000,- og i 1977 ca 280.000,- pr. tilsett.
Det som har skap denne store utviklinga ifrå 1970 og oppover er at ein har spesialisert seg meir på visse produkt. I dag blir det berre laga vindu og balkongdører på fabrikken. Før 1970 vart det òg laga ein del innreiing og trapper. Dette er no blitt tatt ut av produksjonen og blir kjøpt ferdig av andre firma, slik at utvalget av produkt er blitt skore ned til eit minimum.
Trivsel på arbeidsplassen
Men dei store omsetningstala fører òg med seg at det blir større og større investeringar for kvart år i maskinar og anna utstyr. Etter kvart som maskinane blir meir spesialiserte blir dei òg dyrare. Dette fører til at produksjonen pr. mann må auke om bedrifta skal løne seg. Berre i 1976 hadde ein ei investering på maskinar og anna utstyr for ca. 800.000,- I 1977 kom den nye miljøvernlova, og den førte med seg store investeringar i t.d. avsugingsanlegg og støydemping. Miljøvernlova har som mål å skape meir helsevennlege arbeidsplassar og større trivsel på arbeidsplassen.
ETTER 1977
I 1958 starta Bjørlo Trevarefabrikk som ein av dei to første lisensproduksjon av Husmorvinduet (den andre var Tennøe & Skaar AS i Brattvåg).Denne produksjonen la grunnlaget for etableringa av industrialisert produksjon av vindu og balkongdører ved Bjørlo.
Utover i 60-, 70- og 80-åra var det jamn vekst og ekspansjon ved bedrifta, og i 1988 var omsetningen komen opp i 48 mill og om lag 50 tilsette.Men så snudde det. Vi fekk nedgangstider i Norge, og seinhaustes 1988 måtte 15 personar oppseiast. Boligbygginga i Norge blei halvert i løpet av to år, og omsetningen ved Bjørlo blei redusert til 25 mill i 1991.
Det var behov for å tenkje nytt.
Den mest dramatiske og etter mange si meining ei halsbrekkande strategisk beslutning var vedtaket om å forlate H-vnduet og saman med Svenningdal og Lyssand etablere Norgesvinduet. Bransjefolk og andre som følgde bevegelsane våre kommenterte: ”at dokke tore”, ”det er spenstig gjort. Men beslutninga var absolutt rett. H-vinduet hadde i mange år vore det beste, men vi var samtidig klar over at produktet kunne bli mykje betre. Resultatet vart NORGESVINDUET.
Vi var imidlertid klar over at utfordringane var store og at kampen ville bli tøff, og følgjande erkjenning vart knytt til utfordringa vi stod overfor:
”I vår iver omkring lanseringen av Norgesvinduet må vi ikke glemme dagens beinharde markedssituasjon, den verste vi har opplevd. Vi blir nødt til å kjempe. Det hevdes at lavere byggeaktivitet har det ikke vært siden mellomkrigstiden. Det er i dag en kamp innen vår næring som er intens, en kamp om å leve eller ikke leve. De dyktige vil overleve.”
”Vi må gjennom det vi gjør hver dag vise at vi er dyktige. Situasjonen stiller store krav til kvalitet i utførelse av alt arbeid som utføres i bedriften. Det må være kvalitet og seriøsitet i den kundekontakt som skal gi tillit til gamle og nye kunder. Det må være kvalitet på de leveranser som våre kunder mottar. I realiteten står vi fremfor en kamp, et slag som skal utkjempes, -kampen om kundens og markedets gunst. De våpnene vi har er vår egen dyktighet og det fortreffelige produktet som vi nå har ferdig utviklet.
Det vil være vår evne til å sette disse ressursene/våpnene i sin rette sammenheng som skal gi oss resultater. Vi må få frem budskapet om produktkvalitet og service. Her har vi nøkkelen til å få innpass og vinne den kampen som nå vil stå ute i markedet”
Det vert sagt at suksess kostar, og den lærdom skal ikkje underslåast. Prosjektreikneskapen viser at alle økonomiske budsjettrammer vart sprengde. For dei tre bedriftene samla vart det over ein treårsperiode investert ca 30 mill kroner i Norgesvindu-konseptet. Alle desse ekstraordinære kostnadene med Norgesvinduet kom saman med den kraftige nedgangen i markedet og fallande prisar i markedet.
Takka vere solid økonomisk ryggrad klarte vi omstillinga og den vanskelige markedssituasjonen, -”vi rei av stormen”.
I 1993 valde Lyssand å forlate fellesskapen vår, eit vegval som Svenningdal og Bjørlo syntes var særs leit. Svenningdal og Bjørlo har imidlertid forsterka samarbeidet og framstår i dag som ein landsdekkande leverandør av eit godt og gjennomprøvd produktkonsept, ”NORGESVINDUET, -I TAKT MED TIDEN”.
I ettertid kan vi konkludere at enkelte ting kunne vore gjort på andre måtar, -slik vil det alltid vere. Det viktigaste er likevel at vi i dag ser gode resultat at den beslutninga som vart teken i 1990, og at det å stå på eigne bein i staden for å produsere på lisens har gjeve ei god utvikling for bedrifta.
Men på byrjinga av 90-talet vart det også teke andre viktige beslutningar.
Det vart investert i topp moderne fullautomatisert og datastyrt maskineringsavdeling og nytt transportsett for distribusjon direkte til bygge plass- Det vart også investert i ei dotterbedrift i Polen, Beverlo Polska Sp.zo.o., for produksjon av laminert trevirke. Denne bedrifta har pr 2005 om lag 45 tilsette og leverer alt av trevirke til Bjørlo. Dette er trevirke som tidlegare vart kjøpt frå Sverige og Finland.
Beverlo Polska har moglegjort gjennomføring av kjerneved utvendig på alle vindu/dører frå Bjørlo (Miljøvinduet), slik at produkta er impregnert frå naturen si side og kjemisk impregnering blei avslutta i 2003. Produkta er ”giftfrie” og vi sparer miljøet for ca 50 tonn løysemiddel kvart år. Dersom den øvrige norske vindusbransjen hadde gjort det same, ville naturen bli spart for ytterlegare om lag 600 tonn løysemiddel årleg.
I 2004 vart prosjektet ”Norgesvinduet Design” gjennomført. Dette går ut på å levere produkta med kjerneved utvendig og spesielle tresortar etter kundens ønskje på innside, f. eks. bøk, eik, bjørk etc på innsida. Foringar og listverk kan også leverast i same tresort som innside vindu.
I 1993 vart Norgesvindu-bedriftene som den første vindusprodusenten i Norge kvalitetssertifisert ISO 9001 og i 2003 tilsvarande som den førstevindusprodusenten miljøsertifisert ISO 14001.
Etter kvart som vi i Norgesvindet utvikla konseptet vart det behov for spesialiering av produksjon, og i 1996 kjøpte vi produksjonsanlegget til Smørdal Trevarefarikk og flytta all produksjon av sprosser og innslåande produkt dit.
I 2004 vart malingsavdeling fornya, og det blei installert robotar for fullautomatisert maling av vindu/dører. Dette var eit pilotprosjekt internasjonalt, og det finns pr 2005 ikkje tilsvarande anlegg i vindusproduksjon nokon stad.
Etter jamn vekst i 90-åra og så langt i dette 10-året disponerer Bjørlo no om lag10000 m2 i Nordfjordeid og 2000m2 i Polen med 130 tilsette i Norge og 45 i Polen. Omsetningen vart i 2004 kr 126 mill eks mva.